2. Flaumen går, i Norge er vår

Flaumen går i Noreg er vår,
Bjørka sprett i dalom.
Dølakar traust og hard rydjer fedregard.
Sjå kor det losnar i alle liom,
skreda fer etter bergesidom.
flaumen går i Noreg er vår,
og dølann er det som rår.

Frå fjellet rinn ein bekk så linn, mellom stuv og steinar.
Av bekker små det vert ei å fagrast du skal sjå.
Høyr kor det i vatnet susar,
høyr kor det i fossen brusar.
flaumen går i Noreg er vår,
og dølann er det som rår.

Rykar stram, på gata går fram, trur han skall oss lære.
Men inkje eg fær støkk av deg, sjølv eg rår min veg.
Røndann er inkje lenger mjuke,
Husbondensretten, han vil me bruke.
Retten er vår, skulda er dår å lyda Noregs kår.

Um seint me kjem, so er det med klem. Me vil garden rydja.
Rondermål, kvast som stål, gjev inkje lenger tol.
Norskt mål vil me i noreg hava,
inkje lenger med dansken kava.
Rondermål, kvast som stål,
gjev inkje lenger tol.

Blank som gull og mjukt som ull, er det norske målet.
Som sol på fjell, som blome-tjeld, som fuglesong um kveld.
Tusenårs rot det hev i landet,
tusen år til so skal det stande.
flaumen går i Noreg er vår,
og dølann er det som rår.

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS 2.1